Ja, det er slikt som hender når ein millionær får plass i ei arbeiderpartiregjering.

Jau, han er flink, han vart tidleg dagleg leiar i familieverksemda Vestre Møbler.

Kvifor står han fram som sosialdemokrat når han si verd er så langt frå dei ideala?

Det er vanskeleg å tru på at han, med ein formue på 100 mill., skal vere med på å få Ap ut av bakevja. Vi trur heller ikkje på Støre. Han er ikkje fullt så rik, men han har vakse opp med ei sølvskei i munnen, gått på dei beste universiteta i utlandet, deriblant i Frankrike.

Korleis skal dei skjøne kva det vil seie å leve av ei vanleg årsløn? Kanskje vere redd for å miste jobben? Korleis det er når rekningane hopar seg opp, og alt, absolutt alt, er blitt dyrare?

Men som dei sa i Makta om Gro H. Brundtland, då dei vart kjendt med at ho hadde gått på Harvard i London; «Ingen er fullkommen!»

Dei fleste innser at det går dårleg for Ap på meiningsmålingane, men det gjer ikkje Støre og Vestre. Og det er dei to som har fått jobben med å stake ut kursen fram mot valget. Det klarer dei ikkje, nettopp fordi dei ikkje skjøner kvifor det går dårleg.

To millionærar fremst i styret i Ap er ikkje det ein treng.

Vestre kan nok mykje om økonomi, det er bra. Han er heller ikkje redd for å stå på.

Men, det vart mykje utanomsnakk då han vart konfrontert med den private helseforsikringa til verksemda han eig, ei forsikring han og var dekka av.

Nei, ingen er fullkommen!